Forside / Om oss / Tilbakemeldinger / Kombinasjonen med sykkel og båt var...



Kombinasjonen med sykkel og båt var genial.

Kroatia - øyhopping på sykkel 18.-25.06.2011

Hei.

Eg vil med dette få takka for ein kjempeflott tur, sykkeltur i Kroatia 18-25 juni. Det var ekstra kjekt at gjengen som eg hadde med meg var så fornøyde. Me var jo 18 vestlendingar som kom frå Stavanger. Transfer funka heilt topp, og den lokale guiden tok godt i mot oss.

Personleg synes eg dette tok kaka av sykkelturar i Europa.Kombinasjonen med sykkel og båt var genial.

Å få bada fleire gonger til dagen i Adriaterhavet var topp. Det var ein del gode "kneikar", som me seier her inne. Men me er jo "fødde i motbakke", så det gjekk greit.

Julio, den lokale guiden hadde lært seg nokon norske ord, bl.a oppoverbakke. Eg prøvde å læra han "tenna i veggen", eit uttrykk me bruker når det er bratt.

Det var varmt og godt, men det blei tatt hensyn til skygge og gode pausar, så det gjekk greit.

Syklane var gode, maten var god. Enkelte synes det var masse fisk, men det synes ikkje eg. "Smaken er som baken."

Eg må ha glutenfri mat, og det klarte dei veldig godt. Generelt god mat og vin, både ombord og rundt omkring.

Mannskapet var høflige, flinke, positive og imøtekommande. Lugarane var heilt greie, litt trangt med to stk og store koffertar, men det gjekk greit.

Båten var rein og fin. Begge guidane var flinke, både ute i felten, og med informasjon.

Summa summarum; Dette var ein kjempeflott tur! Noko eg så absolutt vil anbefale til andre, og eg kan godt tenke meg å ta den igjen.

Takk for godt samarbeide heile vinteren.

Med vennlig helsing

Anne Irene Saua


Olivenkontoret i Berlin

Vi hadde en flott sykkeltur i Berlin i mai 2011. Dette er en by med utrolig mye historie og på sykkel får du oppleve alt på nært hold.